2.gangsutlysning: Kateket i Haram
Det er ledig 100% fast stilling som kateket i Haram kyrkjelege fellesråd.
I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.
Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.
Vår kateket gjennom mange år går av med pensjon hausten 2024, og det blir derfor ledig ei 100% stilling som kateket med oppstart 1.august eller etter nærmere avtale. Om det er ønskeleg kan stillinga reduserast til 80%.
Søknadsfrist: Snarast
Arbeidsgivar: Haram Kyrkjelege Fellesråd
Stad: BRATTVÅG
Stillingstittel: Kateket i Haram
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4780327052
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
- Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år
- Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
- Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar, ungdom og barn er målgruppa
- Følge opp frivillige medarbeidarar i trusopplæringsutvala
- Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skule-/barnehage og kyrkjesamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
- Søkjarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller anna relevant utdanning vil også bli vurderte.
- Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskeleg.
- Søkjarar må vere medlem i Den norske kyrkja, og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
Personlege eigenskapar
- Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
- Gode pedagogiske og administrative evner.
- God på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
- Raus og inkluderande.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Anna:
- For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og
- Livssynsamfunn §20.
Vi tilbyr
- For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
- Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.
Søknadsfrist 20.april 2024
Tiltreding 1.august eller etter avtale
Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559
Årsundvegen 11, 6270 BRATTVÅG, Norge
Søk her
Kontaktinformasjon
Jarle Løken
Kyrkjeverge
Telefon:+47 97549559
Tilbake til søketSøk her
Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Selskap
Haram kyrkjelege fellesråd
Lenke til firma
https://www.haram.kyrkje.no/
Kategorier
kateketkirkeprest
Kontaktinfo
- Jarle Løken
- Tittel: Kyrkjeverge
- E-Post:
- Mobil/Tlf: Telefon:+47 97549559
Lokasjon
Søknadsfrist
Februar 15, 2025