Helsefagarbeidar ved korttid og heimesjukepleia- 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling for helsefagarbeidar ved korttid og heimesjukepleia. Stillinga er ledig frå 1.november 2024.
Stillinga har tredelt turnus.
Søknadsfrist: 22.12.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Helsefagarbeidar ved korttid og heimesjukepleia – 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4886687966
Arbeidsoppgåver
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
- Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy.
- Førarkort kl. B.
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
- Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling.
- Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres, Norge
Søk her
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli
Leiar Vangsheimen og heimetenesta
Telefon:90896012
E-post:stine.solemsli@vang.kommune.no
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima“, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Tilbake til søketSøk her
Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Selskap
Vang kommune i Valdres
Lenke til firma
https://www.vang.kommune.no/
Kategorier
heimesjukepleiahelsefagarbeiderHelsfagarbeidarhjemmesykepleiekorttid
Kontaktinfo
- Stine Solemsli
- Tittel: Leiar Vangsheimen og heimetenesta
- E-Post: stine.solemsli@vang.kommune.no
- Mobil/Tlf: 90896012
Lokasjon
Søknadsfrist
Desember 22, 2024